Lokalkontoret Meny

Samfunnsakupunktur®

Små inngrep,
store ringverknader

Me er det einaste arkitektkontoret i Noreg som berre arbeider med offentleg tilgjengelege badstover. Me teiknar, søkjer løyve, byggjer og set badstova i drift.

Os Sauna flyt ved kaia på Osøyro, med fjorden og fjella bak
Os Sauna, Osøyro. Foto: Yrjan Olsnes

Kva gjeld det?

Tre vegar til ei badstove

Kven som eig badstova, avgjer korleis me arbeider. Vel den som liknar dykk.

01

Me vil drive badstove som verksemd

Arkitektur, byggjesak, bygg og smartsystem i éin leveranse. Kvar teneste står òg på eigne bein.

Bjørkheim Sauna er driven som verksemd og var det fyrste prosjektet vårt.

Sjå tenestene
02

Badstove til foreininga vår

Foreininga eig badstova og inntektene. Laget stiller med eigenandel og dugnadsvilje, og me tek papirarbeidet.

Ni foreiningar og lag har alt opna badstove saman med oss.

Slik verkar foreiningsmodellen
03

Kommune eller fylke

Anlegget treng ikkje stå på balansen dykkar. Foreininga eig og driftar, de stiller med tomt.

Tilboda våre fekk 500 av 500 poeng i Arendal og 9,4 av 10 i Lindesnes.

Slik arbeider me med kommunar

Det me har gjort så langt

13badstover opna og i drift. Elleve av dei har me teikna.
14byggjesaker for offentlege badeanlegg, med oss som ansvarleg søkjar
4 av 6konsesjonskonkurransar vunne for kundane våre
2025Bærekraftsprisen til Laugarstovo, delt ut på Badstukonferansen

«Samfunnsakupunktur®: små, presise og reversible inngrep som gjev store ringverknader.»

Slik tenkjer me

Kven de snakkar med

To eigarar, heile vegen

Erlend Klette

Erlend Klette

dagleg leiar

Sal, prosess, kundedialog og systemutvikling. Utdanna frå Kaospilot.

Svein Serkan Erdogan

Svein Serkan Erdogan

arkitekt og fagansvarleg

Design, bygningsfysikk og teknisk prosjektering. Utdanna arkitekt frå Bergen Arkitektskole.

Kommunar og fylke3

  • Nore og Uvdal kommune
  • Hol kommune
  • Vestland fylkeskommune

Operatørar12

  • Blaud
  • Damp
  • Ælvebadstua
  • Bjørkheim Sauna
  • Helgeland Sauna
  • Fyrig Sauna
  • Fyret Sauna
  • Jæren Sauna
  • Brevik Badstue
  • Fjell og Flamme
  • Smeigedag Sauna
  • Alver Damp og Dypp

Foreiningar, lag og organisasjonar17

  • Oslo Badstuforening
  • Norges Badstulaug
  • Prestakaien Laugarlag
  • Os Turnforening
  • Viking Turn
  • Meland Golfklubb
  • Arna-Bjørnar
  • Rosendal Turnlag
  • Austevoll Idrettsklubb
  • Bømlo Idrettslag
  • Eikelandsfjorden Idrettslag
  • IL Øyglimt
  • Stanghelle IL
  • Vikedal Laugarlag
  • Bergen Laugarlag
  • Hjellestad Seilforening
  • Museumssenteret i Hordaland

Har de ein draum om ei badstove?

Fortel oss kort kva de tenkjer på. Me svarar med å seie kva som skal til.

Eller direkte

979 69 761 info@lokalkontoret.no

Me svarar som regel same dag eller dagen etter.